75 000 gjester årleg – 1 200 til den store bursdagsfesten

75 000 gjester årleg – 1 200 til den store bursdagsfesten

Det finst bursdagar, og så finst det bursdagar med torader, langeleik, hallingkast, overraskingsgjester og Staut på scena. Fredag 19. juni vart det siste alternativet då Valdres Folkemuseum inviterte til 125-årsfeiring på Storøya.

Takk til Stavedalen Park, Monter Kvismo, Beitostølen Helsesportsenter og Kollstad Lakk og Sandblåsing for annonsestøtta til denne artikkelen. Det set me stor pris på!

Om lag 1 200 betalande gjester fann vegen til jubileumskvelden, og med rundt 75 000 besøkjande årleg er det ikkje mange som vil protestere om nokon kallar museet for sjølve storstova i Valdres.

Line Svien og Pål Andvord sørget for at folk kunne få kjøpt seg både god mat og godt drikke jubilumskvelden.

«Måfåkaggadn» sette tonen

Det var toradergruppa «Måfåkaggadn» som fekk æra av å opne jubileumskvelden. Med glade tonar og godt humør fekk dei publikum i rette stemninga frå første stund.

Det vart tydeleg at dette ikkje kom til å bli nokon stiv høgtidskveld, men ei feiring med både smil, latter og mykje god musikk.

Styreleiar Odd Erik Holden (til venstre) ønskte velkomen og fortalde om dei mange oppgåvene museet har ansvar for. Deretter tok direktør Ole Aastad Bråten over og guida publikum gjennom programmet denne sommerkvelden i amfiet.

Valdres sitt nasjonalinstrument

Det vart mange vakre tonar frå det som for mange er sjølve lyden av Valdres – langeleiken. Selma Storsæter, Johannes Ekerbakke og Maren Gardshaug spelte saman med læraren sin, Randi Gardshaug, og det var ikkje få som sat med eit smil om munnen og kjente seg heime.

 

Tyngdekrafta tok seg ein pause

Dansen høyrer sjølvsagt med. Ragnhild Rolandsgard Hauge og Eivind Strand svinga seg i valdresspringar medan Syver Rolandsgard Hauge heldt takta som spelemann. Seinare fekk publikum oppleve Ådne Geicke Kolbjørnshus i hallingdans. Det gjekk både høgt og fort, og med litt godvilje kunne ein nesten tru at tyngdekrafta tok seg ein kaffipause.

Stig Aastveit feiret «et jubileum og rundt tall» sammen kone og gode venner. Fra venstre Ola Hovengen, «jubilanten», Mari Hasle, Inger Cathrine Aaastveit og Line H. Onstad

Røde Kors på plass – både på museet og i fjellet

Nord-Aurdal Røde Kors var representert med fra venstre på biletet: Kristin Flaten Bjørgo, Ingvild Bjørgo Huset som er leiar i Nord Aurdal og områdeleiar i Valdres og  Jan Bakkejordet. Medan folk kosa seg med jubileum på Storøya, hadde Røde Kors-mannskap også oppdrag ute langs vegen i samband med sykkelrittet som passerte Fagernes same kvelden.

Trudde han skulle på konsert – fekk bursdagsfest i tillegg

Ein som verkeleg fekk seg ei overrasking, var Magne Tveit frå Pjåten i Røn. Saman med si kjære Nini Larsen trudde han at han skulle på jubileumskveld og høyre Staut. Men venner frå fjern og nær hadde heilt andre planar.

Plutseleg dukka dei opp, ein etter ein, og Magne skjøna etter kvart at det ikkje berre var museet som fylte år.

Den tidlegare lastebilsjåføren har bokstaveleg tala vore mykje langs vegen. Med både mjølk og betong på lasset gjennom eit langt arbeidsliv, veit han å setje pris på gode dagar.

– Dette hadde eg ikkje venta. Ein dag med gode vener, fint vêr og Staut på scena er det ikkje mykje som slår, smilte jubilanten.

Heime for Staut

Kveldens store trekkplaster var sjølvsagt Staut. Framfor sitt eige heimepublikum leverte bandet ein konsert med både speleglede, allsang og dansefot frå første tone. Musikarane var i storform, og då dei siste tonane stilna utover den lyse sommarkvelden, var det mange som kunne slå fast at 125-åringen framleis held seg usedvanleg godt.

Og om 125 år til? Ja, då er det nok framleis nokon som spelar langeleik, dansar springar og syng med når Staut-låtane kjem på.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

three × one =