Frå byggjevarer til bygging av framtidas Vang

Kjell Magne Kvale, Kristin Bakke Lajord, Vang Senterparti, Vang kommune, kommunevalet 2027, ordførarval, Montér Kvismo, Valdres FK, Lærdalstunnelen, Tyin-Filefjell, Tyin-gondolen, næringsutvikling, distriktspolitikk, lokalpolitikk, lagleiing, Valdres

Frå byggevarehandel til ordførarstolen? Kjell Magne Kvale er einstemmig innstilt som fyrstekandidat for Vang Senterparti ved kommunevalet i 2027. Kristin Bakke Lajord er innstilt på andreplass.

Biletet over: Kjell Magne Kvale har gjort ein god jobb for Vang og Tyin-Filefjell på Stortinget i haust. Anne Lise Gjerstad Fredlund (SV) tok seg tid til fem minutt på galleriet for å møte Kvale i ein hektisk stortingskvardag. Ho var lydhøyr då Kvale sende henne brevet sitt og la fram utfordringane knytte til stenginga av Lærdalstunnelen. Gjerstad Fredlund fekk saka direkte på bordet til ministeren.

Kvale har den siste tida hatt ei uvanleg bratt læringskurve i kor viktig det er for oss i Distrikts-Noreg å kommunisere inn dit «makta» sit. For makta både lyttar og bidreg når ho blir informert og sakene er innanfor det politiske handlingsrommet. Sjølv stortingspolitikarar som ikkje nødvendigvis deler synet eller målet, kan bidra til at folk blir høyrde og får ta del i demokratiet vårt. Gjennom arbeidet med Lærdalstunnelen og andre dagsaktuelle saker for næringsliv og innbyggjarar i Vang, har nettavisa Langsveien erfart Kvale sitt engasjement og evne til å nå fram. Etter kvart har også «ryktet» byrja å gå om at det er fleire enn senterpartifolk som kunne tenkje seg Kjell Magne som ordførar.

Lars Rem (Frp) var førstemann til å ta imot og opne dørene på Stortinget då Kjell Magne Kvale (Sp) dreiv lobbyarbeid for Lærdalstunnelen. Rem har seinare følgt opp med spørsmål i spørjetimen og arbeider framleis aktivt for å finne ei løysing for fredagstrafikken til Filefjell.

47-åringen frå Høre er dagleg leiar ved Montér Kvismo og har eit mangeårig engasjement i fotballmiljøet. Som trenar og lagleiar for damelaget til Valdres FK har han solid erfaring med både krisehandtering, taktiske grep og det å få eit lag til å jobbe saman. Når kampen er i gang, motgangen melder seg og viktige avgjerder må takast, har Kvale erfaring med å vere ein tydeleg lagleiar.

Det kan kome godt med også i kommunepolitikken. Den endelege nominasjonen skjer på nyåret, men valkampen er i praksis i gang. Byggevarehandlaren på Kvismo siktar no mot ordførarklubba i fjellkommunen hausten 2027.

Kjell Magne Kvale nytta høvet til å legge fram saka for Rune Støstad (Ap), leiar av næringskomiteen på Stortinget, Lars Rem (Frp) og Solveig Vestenfor (Ap), medlem av samferdselskomiteen. Dei viste interesse for saka og såg utfordringane knytte til fredagsstenginga av Lærdalstunnelen.
«All makt i denne sal», heiter det på Stortinget. Men det skjer og blir bestemt eitt og anna i andre etasje på kommunehuset i Vang òg. Det er der Kjell Magne Kvale no siktar seg inn mot ordførarklubba.

Bileta under er frå då Kjell Magne Kvale inviterte Lars Rem (Frp) til Vang for å møte næringslivet og høyre direkte frå dei som blir råka av fredagsstenginga av Lærdalstunnelen.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

fifteen + 15 =