Frå byggevarehandel til ordførarstolen? Kjell Magne Kvale er einstemmig innstilt som fyrstekandidat for Vang Senterparti ved kommunevalet i 2027. Kristin Bakke Lajord er innstilt på andreplass.
Biletet over: Kjell Magne Kvale har gjort ein god jobb for Vang og Tyin-Filefjell på Stortinget i haust. Anne Lise Gjerstad Fredlund (SV) tok seg tid til fem minutt på galleriet for å møte Kvale i ein hektisk stortingskvardag. Ho var lydhøyr då Kvale sende henne brevet sitt og la fram utfordringane knytte til stenginga av Lærdalstunnelen. Gjerstad Fredlund fekk saka direkte på bordet til ministeren.
Kvale har den siste tida hatt ei uvanleg bratt læringskurve i kor viktig det er for oss i Distrikts-Noreg å kommunisere inn dit «makta» sit. For makta både lyttar og bidreg når ho blir informert og sakene er innanfor det politiske handlingsrommet. Sjølv stortingspolitikarar som ikkje nødvendigvis deler synet eller målet, kan bidra til at folk blir høyrde og får ta del i demokratiet vårt. Gjennom arbeidet med Lærdalstunnelen og andre dagsaktuelle saker for næringsliv og innbyggjarar i Vang, har nettavisa Langsveien erfart Kvale sitt engasjement og evne til å nå fram. Etter kvart har også «ryktet» byrja å gå om at det er fleire enn senterpartifolk som kunne tenkje seg Kjell Magne som ordførar.

47-åringen frå Høre er dagleg leiar ved Montér Kvismo og har eit mangeårig engasjement i fotballmiljøet. Som trenar og lagleiar for damelaget til Valdres FK har han solid erfaring med både krisehandtering, taktiske grep og det å få eit lag til å jobbe saman. Når kampen er i gang, motgangen melder seg og viktige avgjerder må takast, har Kvale erfaring med å vere ein tydeleg lagleiar.
Det kan kome godt med også i kommunepolitikken. Den endelege nominasjonen skjer på nyåret, men valkampen er i praksis i gang. Byggevarehandlaren på Kvismo siktar no mot ordførarklubba i fjellkommunen hausten 2027.


Bileta under er frå då Kjell Magne Kvale inviterte Lars Rem (Frp) til Vang for å møte næringslivet og høyre direkte frå dei som blir råka av fredagsstenginga av Lærdalstunnelen.


