-Her møtes eld-sjeler

Vedkomfyr ovn omn valdresmusea anne marit noraker
Deprecated: Function create_function() is deprecated in /customers/4/0/3/langsveien.no/httpd.www/wp-content/plugins/wp-spamshield/wp-spamshield.php on line 1884

 

Foredrag om gamle omnar

Valdresmusea ynskjer velkomen til foredrag på Breie gard i Etnedal laurdag 18.mars kl. 9.00 på morgonen! Her møtes eld –sjeler og andre entusiastar til foredrag og samtalar om omnar, særleg gamle omnar, men også dei som er noko nyare. Me veit at vedfyring forureinar og at myndigheitene difor vil erstatta dei gamle omnane med nye, reintbrennande som forureinar mindre. Om dette skjer forsvinn mykje gamal historie og mange flotte møbel, som dei gamle omnane ofte er.

Me er heldige her i Valdres som har Anders Sundvold, han har via mykje av livet til istandsetjing av gamle omnar, og for at dei skal kunne brukast i det daglege.  Han meiner me med enkle grep kan gjera om ein gamal omn slik at han fyller dei krava som vert satt til vedafyring i dag.  Dette vil vera bra både for vår eigen pengepung, og for miljøet. Samtidig som gamle skattar vert tekne vare på og kan halda husa våre varme i lang tid framover.

Ola H. Fjellheim, som er Generalsekretær i Fortidsminneforeningen og ein ihuga omnsentusiast, tek turen til Etnedal der han vil fortelja ei 400 år lang omnshistorie.  Også han har satt i stand mange gamle omnar, og kan gje gode råd til korleis me på ein god måte kan unngå at omnane blir til skrapjarn.

Inger Toril Breien har saman med familien sin har flytta inn på det gamle tunet på Breie, som attpåtil er under freding, ho vil fortelja om gleder og utfordringar ved dette. På Breie trengs det mykje fyring, noko dei helst vil skal skje ved å bruka dei mange gamle omnane som er på garden, men dei er sjølvsagt opptekne av at det skal skje på ein trygg og miljøvenleg måte.

Foredraga er ope for alle! Ta gjerne med bilete av gamle omnar de ynskjer å ta vare på, og spørsmål de har rundt dei. Særleg hyggeleg og viktig er det om feiar – og brannvesen rundt om kjem. Her må me alle spela på lag for ei god sak! Etter foredraga er det kurs i restaurering av omnar heile helga. Det er nokre ledige plassar også her.

Foredraga kostar kr 50,-, det blir også mogleg å kjøpa lunsj. For at det skal bli mat og drikke til alle, er det påmeldingsfrist  Odd.Arne.Rudi@valdres.museum.no, eller telefon 97 68 90 96 innan 15.mars.

Alle er velkomne!

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

one × four =