Linoljemåling ? -Instruktør er målarmeister Knut Øystein Bakken

Linoljemåling
Del:Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmailFacebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmail
Kurs i linoljemåling på Valdres Folkemuseum 4. 5. og 6. mai 2018

Målarsesongen står for tur og me ynskjer å vera litt i forkant ved å invitera til kurs! Her skal me læra å laga, og måla med linoljemåling. Linoljemåling er skånsam og snill mot både huset ditt og miljøet. Linoljemåling har få ingrediensar, og slik så kan me laga ho sjølv!

Instruktør er målarmeister Knut Øystein Bakken. Han har lang og god erfaring i faget, og er ein av dei siste som er fødd inn i, og vakse opp i ein god handverkstradisjon.

Bruk anledninga til å få fyrstehands – kunnskap om dette spanade faget og bli med!

Fredag 4. mai på Slidrehuset kl. 18.00 – 20.00: Presentasjon Utdeling av kursmappe (oppskrifter, material- verktøylære, gode råd) Litt historikk og teori om linoljemåling Fargeundersøkingar Vurdering av underlag og tiltak Gjennomgang og forbereding av verktøy

Laurdag 5. mai kl. 09.00 – 17.00: Organisering av arbeidsplassen Grunnarbeid Laga måling av linolje og tørrpigment Måle med linoljemåling

Sundag 6. mai kl. 10.00 – 15.00: Måle med linoljemåling Reingjering av verktøy Oppattrydding Avslutning

Pris: kr 2.500 (rabattpris kr 2.200), til Valdresmusea as, konto nr 2070 05 01524. Prisen inkluderer lunsj. Rabatten er for dei med årskort for Valdresmusea og dei som er medlem i Verne-Vøla eller Fortidsminneforeningen. Påmelding: Innan 27. april til Odd.Arne.Rudi@valdres.museum.no Deltakarane må ha med seg egna arbeidstøy, -sko -hanskar


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

13 + 20 =