Kjøpte 3 kyr. -Fikk 4 bøker på kjøpet!

Randi Før Kåre Skogstad og Maren nesja foto roy myrland Bøker
Bøker var i fokus da Vestre Slidre mållag og biblioteksjef Maren Nesja arrangerte bokkveld i Slidre 21.januar.

Godt og vel tjue personar møtte fram på biblioteket for å høyre eller fortelja om bøker dei hadde lese. På bokkvelden var det taletid for både “lesehestar” og andre. Fleire nytta sjansen og forsamlinga sette stor pris på presentasjonane.

Kåre Skogstad (i midten på biletet over) si skildring av romanen “Jeg forbanner tidens elv” var litt utanom det vanlege.

Gardbrukaren frå Johmsgrenda i Vestre Slidre driv til dagleg med kyr. Da han hadde kjøpt tre kyr for eit år sidan, kom seljaren med fire bøker på kjøpet. Det var nemleg den prisløna forfattaren Per Petterson som var ku-seljaren!

Kåre Skogstad fortalde at han var nøgd med både kyrne og detaljrikdomen i Per Petterson sine bøker. På biletet over er han saman med Randi Før frå Vestre Slidre og biblioteksjef Maren Nesja.

Signert bok på kjøpet når ku-handelen var gjort.

Ragnhild og Solvor åpnet bok-kvelden med å fortelja om bøker de likte.

 

Staværingen Jørn Lier Horst har nok både vore på “Piraten” (sommarrestaurant i Stavern red.anm.) og opplevd eit par ekte “piratar” frå tida som konstabel. “Operasjon sjørøver” er ein favoritt på biblioteket.

 

Trivleg lag og god prat

 


Marianne Granheim Trøyflat (til venstre) er leiar i Vestre Slidre mållag. Ho verva Herdis Unneland som medlem i mållaget under møtet.

 

Gleda blir dobbelt så stor når ein deler henne, blir det sagt. Kjensla av fellesskap og det å kunne sitja og lytte til folk som deler ei god lesaroppleving varmar godt i vinterkulda.

 

Kringle og lys på bordet gjev god stemning

 

Det vart både lest frå bøker og fortalt fritt under presentasjonane

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

fourteen + fifteen =