Sykkel- eller fottur i sommar? Sjå her

Sykkel- eller fottur i sommar? Sjå her
Deprecated: Function create_function() is deprecated in /customers/4/0/3/langsveien.no/httpd.www/wp-content/plugins/wp-spamshield/wp-spamshield.php on line 1884

Pressemelding frå www.visitkongevegen.no

 


Kongevegbussen går i sommar også, frå Lærdal til Tyinkrysset  

Fredag 28. juni byrjar Kongevegbussen å køyre morgenrute att. Bussen er viktig for trafikken til Kongevegen, men også eit tilbod til lokalbefolkninga. I år er bussen med på to viktige prosjekt.

Bildet over: Kongevegbussen blir operert av Solheim Taxi og Marianne Solheim. I år og neste år blir bussen sentral i å utvikle bagasje- og sykkeltransport mellom Lærdalsøyri og Tyinkrysset.
FOTO: ODD HELGE BRUGRAND

Kongevegbussen går i morgenrute frå Lærdal rådhus til Tyinkrysset og tilbake til Lærdal rådhus kvar dag. Den har avgang frå rådhuset klokka 08:30 og retur frå Tyinkrysset kl. 10.00 dagleg frå fredag 28. juni til søndag 11. august.

-Kongevegbussen er det viktigaste infrastrukturtiltaket vi har for Kongevegen over Filefjell og bedriftene langs vegen. Bussen går på tider når andre bussar ikkje går, om morgonen, og er innom strekningar som rutebussane ser ut til å ha gløymt, nemlig langs gamle E16, seier dagleg leiar og prosjektleiar Odd Helge Brugrand i Kongevegen over Filefjell.

Han meiner at tilbodet også er viktig for lokabefolkninga, til dømes for dei som ønsker å bli frakta til og frå trimturar på Kongevegen. Dei kan hoppe på bussen, gå eller løpe trimturen på Kongevegen, og hoppe på bussen att når den er på veg tilbake.

Kongevegbussen fraktar også hundar, og syklar om folk varslar frå på førehand.

Det er Solheim Taxi og Marianne Solheim som opererer Kongevegbussen i samarbeid med Kongevegbedrifter Filefjell SA.

To viktige prosjekt på gang

I år er Kongevegbussen ein viktig lekk i to prosjekt som skal vere med på å utvikle vandredestinasjonen Kongevegen over Filefjell vidare.

-Me utviklar bagasjetransport i samband med turpakkene me tilbyr. Gjestene kan gå frå overnattingstad til overnattingstad utan å tenkje på bagasjen. Når dei kjem fram, står bagasjen klar på rommet.

-Frakt av bagasje viser seg å vere viktig for at folk kjøper pakkene våre og besøker Kongevegen. Og å ha eit transporttilbod som Kongevegbussen er viktig for å få frakta bagasjen. Så dette heng nøye saman, seier Brugrand.

Også sykkelfrakt er prosjekt som Kongevegen skal teste ut saman med Kongevegbussen. Begge prosjekta skal jobbast med i år og neste år.

Til å utvikle dei to prosjekta har Kongevegbedrifter Filefjell SA fått støtte frå Lærdal Næringsutvikling.

-Kongevegbussen har blitt ei positiv tilleggsoppleving til vandringa på Kongevegen. Hyggelege sjåførar med lokalkunnskap og innsatsvilje gjev vandrarane ei endå betre totaloppleving, seier Brugrand.


KLAR TIL Å KØYRE: Kongevegbussen blir operert av Solheim Taxi og Marianne Solheim. I år og neste år blir bussen sentral i å utvikle bagasje- og sykkeltransport mellom Lærdalsøyri og Tyinkrysset.
FOTO: ODD HELGE BRUGRAN

For meir info:
Odd Helge Brugrand
info@visitkongevegen.no
(+47) 400 65 069


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

7 − 6 =