Landhandel i Skrautvål.

Landhandel i Skrautvål.

Det er snart berre vi som er vel vaksne som hugsar at det har vore kræmara i Skrautvål.

Foto og tekst: Håkon Bakkene. 

Den fyrste som starta opp skal ha vore Knut Knetrud. Han hadde vore ein tur i USA ,og då han kom att tok han til med landhandel på Sebuøygarden Han kjøpte mykje varer hos Otto Stuve ,men sleit med å betala.

Sidan handla Knut på Midt-Bergei. Og til slutt bygde han åt seg på Åbolshaugen.

Han borga bort for mykje varer ,og passa ikkje reknskapen godt nok ,-så han laut gje seg med handel. Stogo til Knetrud vart kalla «kræmarstogo». Dette var rundt 1860.

Ola Skrautvol kjøpte den og sette den opp på Nyvoll. Der handla fyrst Ola Skrautvold d.y . Så bror hass Eivind Skrautvold rundt 1900 ,og så sonen Ola Eivindson Skrautvold. Han bygde eigen forretningsbygnad,- og dreiv godt.
Ivar O Hippe leigde butikken frå 1920 til 23 .Dette er butikken som Erling Skrautvol seinare overtok. Hippe flytta så handelen til Myrstad i 1924. I 1927 selde han til O.O Hippe som dreiv fram til 1941. Då selde han til Olav Gigstad.
Rundt 1926 starta Reidar Dokken opp butikk i Gottenborg, rett ned for Bergei. Det var såleis 3 butikkar i Skrautvål.
Etterkvart overtok Erling Gigstad etter faren Olav.
På den tid var det ikkje så vanleg at folk hadde eige frysar ,så Gigstad hadde fryseri i kjellaren. Der kunne folk leige eit rom til å ha frysevarer i.
Erling Skrautvol dreiv Post og landhandel.

Den siste som dreiv landhandel var Elisabeth Meisdalshagen,som leigde Butikken til Gigstad.
Det er vel små sjanser for at det kjem att kræmar i Skrautvål. Fagernes er for nær.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

16 + five =