Solidaritet i vintermørket.

Solidaritet i vintermørket.

I eit sterkt uttrykk for solidaritet samla Valdres seg for å delta i eit fakkeltog til støtte for Palestina på Skiferplassen i Fagernes 20. januar. Arrangørene Palestinakomiteen, Rødt i Valdres og Øystre Slidre SV, laga ei markeringa som blei eit kraftfullt uttrykk for samhald og engasjement.

Biletet over: Både Ragnhild Kjørli (86) og Berit Dajani (86), dei eldste deltakarane, viste mot og engasjement trass i det iskalde vêret under fakkeltoget Solidariteten lyste opp nattens mørke, og Valdres viste med styrke og samhald si støtte til Palestina. 

Skiferplassen på Fagernes var samlingspunktet der godt over 100 deltakarar, frå ulike aldersgrupper, møttest.

Biletet over: Tydelege og sterke appellantar delte tankar og vitnesbyrd med publikum. Frå venstre: Lege Marit Tuv som har besøkt Gaza flere ganger. Varordfører One Enerud frå Øystre-Slidre SV. Aina Merete Karijord frå RaudtValdres og Ottar Uglum frå Palestinekomitéen i Oppland, gav gripende skildringar av situasjonen og delte solid innsikt som kasta lys over konflikten.

Under markeringa vart merksemda mellom anna retta mot den hjarteskjærande røyndomen, der fleire er drepne i Gaza under denne krigen enn det er innbyggjarar i Valdres. Med klåre ord og emosjonelle forteljingar frå scena vart deltakarane påminna om dei grufulle konsekvensane av konflikten, der over 10 000 barn er drepne dei første 100 dagane av krigen.

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

3 − one =