Nevertekking

NEvertekking Røykestuen Fagernes
Del:Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmailFacebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmail

Valdresmusea inviterar til kurs i nevertekking på Valdres Folkemuseum 6. til 8. juli.

Me skal legga tak på «Peisestuen» (bildet over)  på tradisjonelt vis med never og torv. På taktroa legg me never og mose, så kvabb, silt eller leire som isolasjon, før me legg på torv frå jordet på stølen på museet. Velkomen til spanande dagar med Steinar Moldal frå Hjerleid som instruktør. Steinar har lang erfaring med mange type tradisjonshandverk og gode kunnskapar om mangt og mykje så her gjeld det å få med seg ny kunnskap!

Målgruppe: Handverkarar, huseigarar og andre interesserte. Kostnad: Kr 1000,- inkludert enkel lunsj alle dagar (kr 800,- for medlemmar i Verne Vøla, Fortidsminneforeningen, eller dei som har årskort for Valdresmusea).

Overnatting: Fagernes Camping gir rabatt for deltakarar på bygningsvernkursa.

Meir informasjon: om både dette og dei andre bygningsvernkursa ved Valdresmusea kan du få ved å henvenda deg til bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi tlf 976 89 065, odd.arne.rudi@valdres.museum.no Påmelding: Til Odd Arne Rudi, sjå kontaktinfo over, innan 1. juli. Arrangørar: Valdresmusea as I samarbeid med Verne Vøla og Valdres Natur- og Kulturpark. Med pengestøtte frå Oppland Fylkeskommune og Norsk Kulturminnefond.


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

17 + four =