Loppemarknad for bygningsdelar

Loppemarknad for bygningsdelar

Verne-Vøla ynskjer å ta vare på gamle hus, helst der dei står og på ein god antikvarisk måte. Det er ikkje alltid det let seg gjera, hus kan bli for dårlege til at dei let seg ta vare på, eller at dei ikkje lenger fyller dagens krav eller står i vegen for diverse utbyggingar.

I mange slike tilfelle tek eigaren kontakt med Verne-Vøla si redningsgruppe!

– Slik så har me formidla hus til nye glade eigarar, me har også vore inne i hus som skal fjernast og redda bygningsdelar, slik som dørar, glas, golv og panel, fortel Odd Arne Rudi.

Noko av tanken med ei slik redningsgruppe er at fyrst og fremst dei som er med på aksjonen skal kunne ta det dei vil. Andre ting vert satt på lager for seinare bruk.
– I samband med Handverkardagen på Skiferplassen som Valdresmusea og Verne-Vøla skal ha 11.mai, vil det bli ein del bygningsdelar til sals, slikt som me har redda og som me håpar kan få nytt liv. Her vil det bli hyggelege prisar som alle kan leva med, fortel Odd Arne

Loppemarknad

Dette vil bli ein Loppemarknad for bygningsdelar, kanskje den fyrste i sitt slag!
Om det er nokon som har bygningsdelar de ikkje har bruk for kan de gjerne ta dei med til Skiferplassen denne dagen, så kan me hjelpa til slik at dei kan koma til nytte for andre!

Fortidsminneforeningen 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 + 20 =