«Mi sterke side»

"Mi sterke side"

På Lidar Skule i Øystre Slidre har dei ei årleg tradisjon som dei kallar «Mi sterke Side». Skulen legg vekt på at alle elevane har minst ei sterk side som dei skal få lov til å vise fram og vere stolte av overfor føresette, familie og vener fortel lærar Ingrid Hermundstad Grobakken.

Det er elevene i 4. klasse som tar ansvar for å lage kake og 1-3 klasse steiker vafler. Alle elevane får «arbeidsoppgåver» på sjølve kvelden der dei er med å sel bongar/mat, har underholdning og viser fram ting dei har laga eller aktivitetar dei har lært i ulike klasserom/grupperom på heile skulen.
Kontaktlærar for 4. klasse og teamleiar for 1-4 klasse, Ingrid Hermundstad Grobakken (biletet over), fortel at dette arrangementet har vore ein suksess i mange år, bortsett frå i perioden med covid. Elevane får ansvar for heile arrangementet, inkludert å ta imot besøkande, selje billettar til kafeen og laga mat. Dei viser også fram arbeidet dei har gjort i ulike fag og tema, og dette gir dei ei kjensle av meistring og stoltheit over eige arbeid.
Hermundstad Grobakken uttrykker at skulen har fokus på fellesskapet og ikkje berre individet, og «Mi sterke Side» er eit godt døme på dette. Elevane opplev at dei må samarbeide og jobbe saman for å få til ein vellykka kveld. Det gjer dei ei kjensle av å vere ein del av noko større, og ikkje berre ein enkelt person. Arrangementet gir også foreldre, besteforeldre og vener moglegheita til å sjå kva elevane har jobba med på skule, og dette kan vere viktig for å skape eit positivt samarbeid mellom heim og skule.
Både elevane og vaksne på småtrinnet gler seg til «Mi sterke Side», og det er tydeleg at dette blir ein kveld som skapar glede og engasjement. Tradisjonar som denne kan vere med å skape samhald og fellesskap i skulesamfunnet, og det er flott å sjå at Lidar skule i Øystre Slidre lukkast med dette.
Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

19 − seventeen =