Fagernes: Eit paradis for planteelskarar.

Fagernes: Eit paradis for planteelskarar.

Våren har komme til Fagernes med eit stort og bognande utval av blomar og planter.

Biletet over: Askte i Valdres Frukt og Grønt tilbyr eit spennande og solid utval av blomar og urter, med spesielt mange «nyheiter» i sortimentet i år.

«Valdres Frukt og Grønt» og «Ærlighetens Marked» (lokalproduserte planter frå «Slidreøya») er to stader som skil seg ut når det gjeld utval og kvalitet. Begge utsalsstadene tilbyr eit imponerande mangfald av blomar og planter, og er vel verd eit besøk.

(Fotoserie med noko av utvalet i botn av artikkelen)

Det er no den perfekte tida å ta ein rundtur i utsalsstadene til bygdebyen for å finna spennande og nye planter til potter, kasser, bed og senger. Anten du har grøne fingrar eller berre er litt interessert i blomar, er det tida for å planta og setja det som skal blomstre og haustast utover sommaren og hausten no.

I Valdres Frukt og Grønt, ved brua i Fagernes, kjennest det som å tre inn i Edens hage.
I Valdres Frukt og Grønt, ved brua i Fagernes, kjennest det som å tre inn i Edens hage.

Her finn du blomande planter og urter i eit utval og ein kvalitet som er heilt unik. Askte fortel at varene blir kjøpte inn frå fleire grossistar og leverandørar. -Varebilen vår har fleire turar til Oslo i uka for å henta nye forsyningar til ‘blometorget’ utanfor butikken. Me har kundar frå både Vestlandet, Gudbrandsdalen, Valdres og Oslo-området, seier ho, før ho hjelper eit par som leitar etter ei unik fargesamansetning til blomebeda.

Ida Caroline Bratteng held ei av dei kraftige maisplantene som dei sel på biletet over.
Ida Caroline Bratteng held ei av dei kraftige maisplantene som dei sel på biletet over.

Ida Caroline Bratteng har mange års erfaring med planter og blomar, og jobbar som gartnar og verksbetjent ved Vestoppland Fengsel avd. Slidreøya. Der har ho ansvar for dyrkinga og sørgjer òg for påfyll og utkøyring til «Ærlighetens Marked». Her blir det mellom anna tilbode egenproduserte planter, settepotter og stikkløk til kundane. Utvalet har ein unik kvalitet og klimatilpassing, etter å ha vakse frå frø til utplantningsklare i Vestre Slidre.

Utvalet av planter frå Slidreøya har vorte større i år og inkluderer m.a. paprika (legg merke til at det allereie er minipaprika på planta på biletet over), mais, chili og fleire variantar av graskarplantar.
Utvalet av planter frå Slidreøya har vorte større i år og inkluderer m.a. paprika (legg merke til at det allereie er minipaprika på planta på biletet over), mais, chili og fleire variantar av graskarplantar.

-Ida Caroline Bratteng er både entusiastisk og fagleg sterk og fortel at ho er spesielt nysgjerrig på å dei ulike variantane av graskar i år. -Ein type skal vistnok veksa seg moden på berre 80 døgn og ein annan kallast spaghettigraskar, så det blir garantert moro å følgja med utover sommaren på dei kulturane. Me vil òg i løpet av kort tid leggja ut informasjon med dyrkningstips og gode råd om dei ulike plantene, avsluttar ho praten  før ho returnerer til Vestre Slidre for å gjera klar til neste utkøyring av planter frå dei driftige og «fengsla» gartnarane.

Fotoserie følgjer:

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

twenty + thirteen =