Transaktivisme og abort, arkitektur og lefsebaking

Transaktivisme og abort, arkitektur og lefsebaking

I den nye utgåva av Syn og Segn er det temasider om arkitektur og byggkvalitet, samtale om sorteringssamfunnet med barnelege Ola Didrik Saugstad, tekstar om einsemd, goth-miljøet og dei kvite flekkane i verdsrommet.

KULTURHUS

Kulturlivet er seigt og fleksibelt – og er takksamt for det minste. Mykje kan puttast inn i gamle gymsalar og nedlagde klasserom. Men ikkje alt kan det. Nokre gonger må vi tenke nytt. Nokre gonger må vi også bygge nytt. Men kulturhusa må ikkje vere så dyre, skriv Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn.

TRANSIDENTITET

Er den veldige framveksten av transidentiteten eit signal om ei ny tid, spør journalist Anki Gerhardsen. Ho seier transsaka har i seg komplekse medisinske og samfunnsetiske problemstillingar som media har glatta over i iveren etter å verke fordomsfrie og inkluderande.

SAMTALE

Dei som er ved ytterpunkta i livet, er underprivilegerte pasientgrupper, seier barnelege Ola Didrik Saugstad, i samtale med forfattar Mette Karlsvik. – Eg ser inga motsetning i å meine at foster skal ha rettar, og at kvinner skal ha rettar. Dei meiningane utelet ikkje kvarandre. Abortdebatten er full av dilemma.

TEMA

Temaet i denne utgåva er bustad, kvalitet og arkitektur. Kva slags hus og hytter er det som veks fram – og er det bra, det som kjem opp? Kven er det som driv byggeprosessane framover, og kva betyr kvalitet i ei tid der levetida til husa og hyttene er betrakteleg kortare enn det ho var for 100 år sidan?

VERDSROMMET

I gamal tid hadde verdskartet kvite, tomme område merkte Terra Incognita, ukjent terreng som nærast tagg om å bli besøkt av ein uredd oppdagar. Det var noko vakkert og ærleg med dei kvite flekkane, område som lyste usminka imot oss, og som fortalde oss at her, akkurat her, er det hol i kunnskapen vår. Kva er dei kvite flekkane i dag, spør astrofysikar Jostein Riiser Kristiansen.

LESING

Lesing er viktig, men kva med lesing er eigentleg viktig? Språkforståing, fantasi eller relasjonar? Forfattar Laura Djupvik skriv personleg om korleis språket byggjer bruer mellom menneske med ulike føresetnader. – Sjølvsagt er det fint med eit større ordforråd. Men språket kan også vere ein einsam instans, særleg om ingen forstår kva du seier.

Elles finn du ein haug med tekstar om alt frå einsemd ved debutant Kari Steine til lefsebaking av og med Ingunn A. Mæhlum, om goth-miljøet ved Henrik Nordhus, om dei fyrste spora til datateorien ved Johannes A. Nymark og ikkje minst om stoda for samisk språk, ved språkprofessor Øystein A. Vangsnes, skriver redaktør Knut Aastad Bråten i en pressemelding.

Syn og Segn 

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

20 − nine =