Avsluttar sommarsesongen – nasjonalisme, tradisjonsmat og maling av korn

Avsluttar sommarsesongen - nasjonalisme, tradisjonsmat og maling av korn

Fyrste helga i oktober markerer Valdresmusea at sommarsesongen på Valdres Folkemuseum er over for i år, skriv konservator Anne Marit Noraker ved Valdresmusea As i ei pressemelding.

Torsdag 3. oktober kl. 17.00 held museumsdirektør Ole Aastad Bråten omvising i utstillinga Fargerikt fellesskap – kvitt raseri.

Laurdag 5. oktober kl. 12.00-14.00 er Tvengjistølen på museet open; kom og lær om tradisjonsmat!

Sundag 6. oktober kl. 12.00-14.00 blir det kverndag – for fyrste gang på mange år. Då kan små og store lære om korleis ein malte kornet frå gamalt av, fyrst med skubbekvern, sidan med handkvern og etter kvart bekkekvern. Skubbekverna kom i bruk då folk starta å dyrke korn i Egypt for 5000 år sidan. Handkverna er laga av to runde steinar der den øvste blir dreid rundt med menneskeleg muskelkraft. Bekkekverna er dels konstruert som handkverna, men er større og blir dreid rundt av vasskraft. På Valdres Folkemuseum finst to bekkekverner, og denne dagen er den eine i drift. Velkomen!

Tidlegare i sommar

I sommarferien var aktiviteten særleg stor. Som vanleg svinga talentfulle ungdomar seg i dansen etter tonane frå hardingfela og langeleiken. Griser, høner, sauer og kyr gikk i utmarksområdet. Budeia var på stølen, vennelaget heldt Nystøga open, og i friluftsmuseet var det mogleg å treffe folk med handverkskunnskap, fortjeljarevne eller ein varm kaffikjel. Slik blir det òg neste sommar.

Valdresmusea Foto Anne Marte_Foer
Publikumsvekst

Valdresmusea hadde ein fin auke i besøket denne sommaren med 16 prosent vekst i laustrafikken. Også gruppebesøket aukar. Valdresmusea har godt besøk elles i året òg og har dei siste åra utvida formidlingstilbodet til om lag 100 arrangement kvart år. Det gjer museet til eit betydeleg heilårsarrangør som både unge og gamle gjer seg nytte av. I 2018 var cirka 58 000 menneske innom dei tre friluftsmusea i Valdres, heter det i pressemeldinga.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

12 − two =